LittLarm

Joni Mitchell på Norsk?

Det er tid for å tenkja lyrikk! Vårlufta sig endeleg innover by og bygd, det er ideelle tilhøve for gode tankar. Viss du føler for å ta dette ut på tevlande vis, så har du no eit par månader på deg til å gjendikta Joni Mitchell til norsk! I år har me eit nydeleg husband som ikkje kunne vore meir høvande til å artisten som skal framførast – Heidi Marie Vestrheim og Nan Espeseth spelar vinnarbidraga. I juryen sit sjølvaste Brit Bildøen, som i tillegg til å ha skrive ei rekkje prisvinnande romanar og diktsamlingar,muligens er best kjent for omsetjinga si av Patti Smith si “Just kids” for Bygdalarm-publikummet. Dei andre i juryen er musikar Heidi Marie Vestrheim og norsklektor Randi Jåstad. Panelet skal diskutera dei ulike bidragsytarane samt tekstane til Joni Mitchell. Ordstyrar er Brit Aksnes.

Sist år var det Robert Johnson som vart gjendikta. Kjartan Fløgstad og Olav Øyehaug leverte førehandstinga tekstar som vart tolka av Tom Roger Aadland. Vinnaren av innsendte bidrag vart forfattar Olav Kristisæter.

Les meir om konkurransen her og ha ein inspirert vår!

Bookmark the permalink.

Comments are closed.