Jenny Fender – Ikkje kødd med oss!


YEAHHHHH!!!! Ny bok kjem 28. september!!
Bestill her (om du vil, men eg håpar du vil)

Eg er så glad for å kunne sei at eg er no ferdig med ei ny bok om Jenny Fender! Eg er både spent og litt nervøs for å nok ein gang sende Jenny, Signe og Sara (og den nye duden Adam) ut der i den ekte verda! Desse folka har jo berre styra inne i hovudet mitt (og i hovudet til min heilt fantastiske redaktør Jannicke Storm Glømsrød) i to år no. Men no er det jo digg å sleppe dei laus! Håpar de vil kose dykk med Jenny og gjengen og tusen takk til alle dykk som les og skriv og heier på dei gode historiene!

Gyldendal: Jenny Fender er i fyr og flamme. Bestevennen Signe kjem på besøk i romjula. Kjærasten Sara bur i nabohuset og er verda kulaste trommis. Alle tre speler i same rockeband: Nabovarsel. Og ikkje nok med det: Nabovarsel kan ENDELEG melde seg på UKM!
Dette blir den beste jula ever!

Men brått blir Signe hestegal, og ein sjukt kristen kjekkas heng rundt Sara. Det rablar for Jenny Fender. Hest og pene gutar kan ikkje vinne over rock, venskap og kjærleik! Eller …?
Kven skulle trudd at livet som rockestjerne kunne vere så tragisk!

Og allereie no kan de inn å sjekke ut låtane som er i boka. 46 nye kapittel betyr 46 nye låtar!

This entry was posted in News. Bookmark the permalink.

Leave a Reply