Knølkvalen Kai

10.30 Spinneriet Volda sentrum
11.00 Familiekonsert på Spinneriet
Gratis

Lokalt næringsliv og frivillige lag syner seg frå si beste side med frukost og festsprell i sentrumsgatene i Ørsta og Volda. Publikum kan få oppleve lokale kunstnarar når Kunstgata opnar i Ørsta, medan born i Volda får eit spennande møte med Heidi Marie Vestrheim og knølkvalen Kai.

Festspelfrukost og arrangementa i sentrum på laurdagen er ein viktig og kjekk tradisjon for Dei nynorske festspela. Her samlast lokalt næringsliv og frivillige lag seg om flotte, sosiale arrangement med god mat og varierte kulturinnslag.

På Spinneriet i Volda sentrum (2. etasje) blir det konsert for dei minste med Heidi Marie Vestrheim og Roy Ole Førland. Dei har gjort stor suksess med forteljinga om knølkvalen Kai. Sjølv om han er ein liten knølkval, er han likevel nesten like stor som ein garasje! Vi følgjer Kai og mamma gjennom havet, med møte med både ukjende fiskar, sjødyr og farlege spekkhoggarar.

Heidi Marie Vestrheim er kjend både som musikar og programleiar på mellom anna NRK Super.

Arrangør: Bondens marknad, Bokmannen, Butikkane i Volda, Geiranger Bakeri og Stamina

Laurdag 9. juni

Spinneriet 2. etasje, Volda

10.30–12.00 Festspelfrukost

11.00 Festsprell: Knølkvalen Kai

Gratis

Bookmark the permalink.

Comments are closed.