Øystese

David Bowie (1947-2016) er ein bauta innan pop- og rockehistoria. Med musikken til Bowie er kjenneteikna av sjangerleik, grensetøying og nyskaping, har tekstane hans gjerne komme meir i bakgrunnen, og det kanskje med rette. Men i alle strålande pop- eller rockesongar er orda likevel ein avgjerande del av heilskapen. Dette har LittLarm tidlegare utforska hjå Robert Johnson, Joni Mitchell og Patti Smith. No er turen komen til kameleonen David Bowie.

Me utfordrar med dette lekmann og lærd over heile landet til å kasta seg inn i tevlinga om dei beste David Bowie-gjendiktingane. Vinnartekstane vert framførte av eige eminente husband beståande av Heidi Marie Vestrheim, Stig Lundblad-Sandbakk, Nan Espeseth og Roy Ole Førland.  Arangementet vert som alltid avvikla på Kunsthuset Kabuso (www.kabuso.no) i Øystese. Juryleiar i år er lyrikar, Brageprisvinnar og Bowie-fan Ruth Lillegraven, som også kjem med sitt bidrag.

Tidspunktet er laurdag 2. juli kl 15 – 17.

Bookmark the permalink.

Comments are closed.