Liv på Lørdag kl 12:00
«Din apekatt», seier kanskje dei vaksne om du klatrar for høgt eller ikkje står still når dei ber deg om det. Heidi Marie Vestrheim og Kåre Magnus Bergh kan både frekke apestunt og apestrekar, og ein apesong. Dei fortel også historia om den gongen for lenge sidan då apene leika på bakken, før dei drog Krokodille i halen, og alt enda oppe i trea. Passar best for barn frå to til fire år.
Hjarte i raud filt, av peparkakedeig eller av vaffelrøre. Og så slike som bankar og som ein ikkje kan greie seg særleg godt utan. I dag handlar Liv på lørdag om hjarte. Heidi Marie og Kåre Magnus fortel om favoritthjartevenene sine og syng ein heilt spesiell hjartesong. Dessutan lovar dei å fortelje om Lena og Trille, som ein møter i boka Vaffelhjarte. Ei bok som har blitt TV-serie òg. Passar best for barn frå fem til åtte år.