Whæææ!!! Møt Jenny, ho vart født då eg gikk på Norsk Barnebokinstitutt og i over to år har eg skrive på det som blir min debutroman!!! Crazy-spent, for no er ho her, ute i verda!!!!
Jenny Fender har eige lydspor til kvart kapittel!
Periskop: «Jenny Fender»: Rockar seg ut av skapet og inn i historia…Heidi Marie Vestrheim byr på eit heilstøypt romanunivers med ei heltinne som tek pusten frå deg. Sommar og bilturar i sikte!
«Jenny er eit fyrverkeri av ein unge … Her er potensial til ein bestselgar…»
Bergens Tidene: “Replikkane er energiske, fulle av naiv vilje og intens, barnleg lidenskap for musikken og kjærleiken … “Jenny Fender” er ei glad og god sommarbok med klassiske kvalitetar.”
Nynorskbok: “Likar du røffe gitar-riff, svarte T-skjorter og rock and roll? Lyttar du til høg musikk og prøver å få til ein kul sveis? Veit du kanskje kva ein Fendergitar er? Det gjer i alle fall Jenny Fender, ein alt anna enn roleg og forsiktig sjetteklassing. ”
“Heidi Marie Vestrheim har skrive ei lettlesen og fengande bok om rockejenter utanfor allfarveg. På mange måtar er dette ei såkalla «coming of age»-bok, der jentene står på terskelen mellom barndom og ungdom, og ting som var så sjølvsagde som barn, er ikkje alltid like sjølvsagde som ungdom. Og korleis skal ein greie å vere ein god bestevenn når ting skjer og nye kjensler lever sitt eige liv?”